Tussefløyte

Ikonisk norsk blokkfløyte

Les mer

Selges fra fløytas hjembygd til alle landets bygder og byer

Tussefløyta

Blant dei eldste norske folkeinstrumenta våre høyrer bukkehornet, luren og seljefløyta. Luren og bukkehornet var opprinneleg ikkje instrument, men hjelpereiskapar i seterlivet. Med sin kraftige tone kunne ein både skremme rovdyr og samstundes lokke på buskapen. Etter kvart vart dei utvikla til brukbare instrument. Seljefløyta med sin vare naturtone var derimot brukt berre som instrument.

Trefløyta kom seinare (ca. 200 år gamal), og for første gong kom eit blåseinstrument med ei fast tonerekkje (skala), og det var eit stort fram- steg. Trefløyta fekk etter kvart mange namn - tyskarfløyta, tyssefløyta og tussefløyta. Den første nemninga kom truleg av at den norske trefløyta opprinneleg var ein kopi av den tyske blokkfløyta. Etter kvart gjekk nemninga over til tussefløyte, og det heng saman med ein interessant tradisjon som er teikna ned om instrumentet (Universitetsbiblioteket i Bergen). Der heiter det at flinke fløytespelarar «kunne lokke til seg skogens bevingede skapninger» med tonane frå fløyta. Etter eldre tiders overtru meinte dei då at fløytetonane hadde trolsk og magisk evne, og vart knytt til dei underjordiske - til tussefolket. Eg har sjølv røynd mange gonger at tonane frå fløyta har verka inn på fuglane i skogen, og eg har hatt mang ei fin oppleving saman med tussefløyta på mine vandringar i skog og fjell.

Av di dette instrumentet har så fin evne til tolking av naturstemningar, har eg etter kvart laga mange låter for tussefløyta. Mange av desse låtene finn ein i Tussefløytehefte 1 og 2, og no ligg altså det 3. heftet føre. Det er lag i eit noko større format. Dette er gjort for at sjølve notebiletet skal bli større og tydelegare, mellom anna med tanke på skuleborna.

EGIL STORBEKKEN